Om dette arrangementet

Tid
18:30 - 20:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Litterært pusterom

Velkommen til Litterært pusterom, ein annleis lesesirkel! Her les me ei novelle og eit dikt i fellesskap, og snakkar undervegs om det me har lese.

Deltakarane treng ikkje å førebu seg. Kva me les er ei overrasking. Du vil få teksten utdelt når du kjem og gruppeleiaren vil lesa teksten høgt. Her er det ikkje litterær analyse som er i sentrum, men sjølve møte med teksten og menneska som les saman. Ein kan berre lytte om du føretrekk det. Denne forma for samlesing/lesegruppa blir kalla «Shared reading» og er godt etablert i England.

Me serverer kaffi/te og kjeks. Det er plass til 8 personar kvar gong. Leseleiarar er Anita Kehr eller Camilla Ruhs

Påmelding på e-post til Camilla Ruhs. E-post finner du ved å gå inn på linken her: https://stordbibliotek.no/vi-tilbyr/tilsette