Heim til Sunnhordlandslitteraturen - ein podcastserie

«Heim til Sunnhordlandslitteraturen» er ei podkastserie på 7 episodar. med lokale forfattarar.

Dei åtte biblioteka i Sunnhordland har laga si eiga podkast, kalla «Sunnbib-podden».

Over 60 aktive forfattarar blir rekna som sunnhordlandsforfattarar. Me ønskte å skapa større merksemd om dei ulike forfattarrøystene me har her i regionen.

Podkastserien tar utgangspunkt i ein serie der lyttarane blir med dei ulike forfattarane på ein tur til deira ynglingstad for si litterære skriving i Sunnhordland.
Podkastane vil gi ein introduksjon til forfattarskapen, men også spørja spørsmål som: Kor er det diktarane finn inspirasjon og kreasjon?
Kva er det staden gir forfattaren? Har staden hatt noko å seia for forfattarskapet?

Prosjektet har fått støtte til podkastserien «Heim til Sunnhordlandslitteraturen» frå Norsk kulturråd.

Me har intervjua desse forfattarane:

Mads Rage
Anders Totland
Anna Folkestad
Atle Hansen
Agnes Ravatn
Bjørn Sortland
Einar Økland

Klikk på forfattarens namn for å høyra podcasten.