Sjølvbetjening

Hovudbiblioteket har sjølvbetjent innlogging og utlånsmaskin, slik at du kan bruka biblioteket og når det er ubetjent.

Alle lånarar over 18 år kan få tilgang til biblioteket med lånekort når det er ubetjent. Kom innom biblioteket, så hjelper me deg til å få tilgang til sjølvbetent bibliotek.

Tilgang til biblioteket med lånekort er alle kvardagar frå 09:00 - 20:00, laurdag 15:00 - 16:30 og søndag 15:00 - 20:00. 

For å kunne bruka biblioteket når det er ubetjent, må du underteikne ein kontrakt med biblioteket. Samstundes får du ei pinkode til bruk ved dørlåsen. Kontrakt kan du underteikne i biblioteket si opningstid, og i kiosken i kulturhuset når biblioteket er stengt. Hugs å ta med lånekortet anten fysisk eller på Bibliofil-appen.

Når biblioteket er meirope må du bruka den sjølvbetjente utlån- og innleveringsautomaten. Tinga media hentar du i ei hylle til høgre når du kjem inn i biblioteket. Tinga materiale må du registrera i utlånsautomaten før du går ut. Er bøkene tinga hos andre bibliotek enn Stord, Fitjar og Tysnes, må du henta dei i opningstida når me har personale tilstades.