Utlån til skular og barnehagar

Biblioteket gjev tilbod om utlån for kortare eller lengre tid til skular og barnehagar.

For barnehagar kan det vera aktuelt å låna bokkasser med biletbøker for lesing og høgtlesing. For skulane kan det vera aktuelt å låna bøker i samband med lesestimuleringsprosjekt eller emneopplegg.

Både skular og barnehagar kan nytta institusjonslånekort. Det er då den einskilde barnehage eller skule som står ansvarleg for låna, og ikkje den einskilde barnehagetilsette eller lærar.

Ver venleg å gje biblioteket melding minst ei veke på førehand om du ønskjer å låna ei bokkasse.

Kontakt Camilla Ruhs: camilla.ruhs[@]stord.kommune.no