Lånereglar og lånekort
Lånekort
Me krev legitimasjon når lånekort vert skrive ut. Du må ha med lånekortet ved lån.
Du kan laga deg lånekort på nett ved å klikka deg inn her: https://stord.bib.no/cgi-bin/m2?mode=login
Ver merksam på at ved å laga lånekort på nett, blir du berre lokal lånar ved Stord folkebibliotek.
Nasjonalt lånekort kan brukast i alle bibliotek i Noreg. Møt opp i betent opetid på bibioteket for å få nasjonalt lånekort.
Du kan endra kontaktopplysningane dine på MI SIDE
Lånekortet finst digitalt i appen BIBLIOFIL.
Last ned BIBLIOFIL i Google Play Last ned BIBLIOFIL i App Store
6 år
Du kan få eige lånekort.
15 år
Du kan få nasjonalt lånekort.
Film
Utlån av film følgjer gjeldande aldersgrense sett av Medietilsynet.
Lånetid og innlevering
Bøker og lydbøker: 4 veker
Tidsskrift: 2 veker
Språkkurs: 6 veker
Film: 2 veke
Dataspel: 2 veker
Lånet kan fornyast to gonger når det ikkje er reservert av andre. Du kan levera i alle bilbliotek i Noreg.
Reservering
Du kan reservera utlånte media og få melding når desse kan hentast. Du kan hente når det er ubetent.
Varsel
Du kan spørja biblioteket om å senda deg ein SMS tre dagar før bøkene dine forfallar. SMS'en er gratis.
Purring
Biblioteket sendar ut purring på media som ikkje er levert i rett tid.
Vaksne
1. gongs purring kr. 35,-
2. gongs purring kr. 70,-
Barn
1. gongs purring kr. 0,-
2. gongs purring kr. 20,-
Ved ikkje levert media etter 2. gongs purring, vil det genererast erstatningskrav.
Meirope
Gjeld tilgang til hovudbiblioteket utanom betent opningstid for brukarar over 18 år.
For å få tilgang til meirope bibliotek, må du skriva under på ei kontrakt.
Ta kontakt med personalet om du er interessert.