Om dette arrangementet

Tid
18:00 - 19:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Kompostkurs på biblioteket

Har du lyst til å kompostere, men ikkje komme i gong enno? Meld deg på gratis kurs på biblioteket!

På dette kurset får du gode tips til korleis du lukkas med kompostering av vår biblioteksjef, Elin Mariboe, som har kompostert heime i fleire år. Ho har med eigenprodusert kompost og gode tips om strø og korleis ein lagar gode forhold for mikroorganismane som lager komposten til deg.

På kurset går me også gjennom nettstaden til SIM (Sunnhordland Interkommunale Miljøverk), der ein må svare på diverse spørsmål for å kunne søke om å bli godkjent for kompostering. Me går igjennom spørsmåla og snakkar rundt reglementet.

Send påmelding til bibliotek[at]stord.kommune.no eller tlf. 48 21 32 06 innan fredag 24. mai.