Kanin, hollender, kaninbur
Kanin. Foto: Elin Mariboe

Om dette arrangementet

Tid
12:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Kaninstell: Eit nyttig kurs for deg som kanineigar!

Korleis skal du fora og stella kaninen din for at den skal ha eit godt liv hos deg? Og kva gjer du dersom kaninen din blir sjuk?

Laurdag 4. mai tek biblioteksjef Elin Mariboe med seg nokre av sine kaninar til hovudbiblioteket for å halda eit kurs i kaninstell! Elin driv oppdrett av kaninrasa hollender.

På dette kurset kan du blant anna lære:
- korleis du skal løfta og bera kaninen rett
- kva slags mat kanina skal ha
- korleis ta temperaturen
- korleis klippe klør
- korleis gi tablett