På bilde: Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen. Fotograf: Espen Røst
Skjebneval i USA med

Om dette arrangementet

Tid
18:00 - 19:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Sted / Rom
Småsalen
Målgruppe
Delta på hendinga

Skjebneval i USA med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

Nordmenn er opptekne av valet i USA, men mykje er vanskeleg å forstå. Dette gjeld både valsystemet, og korleis kulturelle og sosiale tilhøve verkar inn på veljarane.

Presidentvalet kjem til å bli dyrare og bitrare enn nokon gong, denne gongen blir det kanskje også det viktigaste: Er demokratiet trua? Kan de bli borgarkrig? Eller er folkestyret så solid at det uansett vil vinne over alvorlege politiske kriser og djupe sosiale splittingar?

Mange amerikanarar har erfart at medan løna har stått stille, har prisane auka jamt og trutt. Veljarane gjev dei folkevalde skulda, og politikarforakta er rekordhøg. Dei to store partia står langt frå kvarandre og det politiske klimaet i Washington DC er kjøligare enn på lenge.

Det er nok av saker å gripe tak i: Helse og skule, illegal innvandring og sjølvbestemd abort, internasjonalt samarbeid kontra “America First”. Hvem er best egnet, en svart kvinne, vise-president Kamala Harris, eller en hvit mann, eks-president Donald Trump.

Denne gongen er det likevel mange som meiner at sjølve det politiske systemet er trua og at demokratiet står på val.

Alt dette og meir vert det kasta lys over, og vil bidra til at vi blir litt meir opplyste når valet går av stabelen i byrjinga av november.

Arangementet er gratis, men du må reservera gratisbillett. Dette gjer du på www.stord.kulturhus.no/kulturprogram, eller i kiosken.

Dette arrangementet skjer i samarbeid med Vestland fylkeskommune.