bøker

Ny avdeling for fagbøker for vaksne

av Elin
03.01.22
Velkommen til den nye fagbokavdelinga ved Stord folkebibliotek

Me har brukt romjula på å friske opp fagbokavdelinga for vaksne. 
Nye skilt har kome på plass, og me har kategorisert samlinga annleis, slik me trur du som lånar vil lika.
Kom og sjå kva me har gjort!

bibliotek

Hyllene har blitt oppstilt som øyar, slik at det er meir luft imellom dei og betre plass til deg som lånar.

Bibliotekmerking

Hyllene i fagavdelinga har fått ny merking som skal gjere det lettare å sjå kva som står i kver hylle.

Hyllegavl

Me har lagd kategorien mat og helse. Her finn du det meste som gjeld di helse, alt frå psykologi til kokebøker og arbeidsliv. 

bibliotek

Alle bøker om dei mest vanlege hobbyane har blitt samla på ein plass.
Her finn du handarbeid, snekring, kjæledyr, sport og spel, og sang og musikk.