aviser

Digitale aviser

av Elin
06.04.22
Me har ein periode prøvd oss fram med å gå over frå papiravis til digital avis. Det viser seg at ikkje alle avisene me har i biblioteket kan leses digitalt med bibliotekets innlogging. Me har difor valgt å ta attende dei fleste avisene som papiravis frå denne veka.

VG, Aftenposten og Bergens Tidene forblir digitale, i tillegg til Stord24. Haugesunds avis, Kvinnheringen, Bømlo-Nytt og Tysnesbladet kjem attende i papirutgåve, i tillegg til at me har Sunnhordland både som papiravis og digital avis.

Me takkar avislesarane våre for tålmodet, og spanderer ein kopp kaffe frå vår nye kaffemaskin på de ved neste besøk.