
BLI MED PÅ DEN KULASTE LESEKAMPANJEN I SOMMAR!
Sommarles er for alle! På Sommarles.no kan ein registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker).
For kvar bok som blir registrert, får deltakarane XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for året, skriven av forfattar Mari Moen Holsve.
For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opnar 1. juni, og lagar ein profil til barnet. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese i veg!
Ta gjerne turen innom biblioteket for å få vite meir. God sommar med Sommarles.no!