Bibliotekets litteraturpris 2022

Bibliotekets litteraturpris

19.08.22
For aller fyrste gong blir det gitt ut Bibliotekets litteraturpris! 10 bøker har blitt nominert. Initiativet til Bibliotekets litteraturpris kjem frå Noregs åtte største bibliotek: Bergen, Bærum, Deichman, Drammensbibliotekene, Kristiansand, Sølvberget, Trondheim, Tromsø.

Sjå kva bøker som er nominert og stem på tre av dine favorittar på www.biblioteketslitteraturpris.no.

Det ligg brosjyrar tilgjengeleg på biblioteket med full oversikt over dei nominerte bøkene, ta gjerne med deg ei neste gang du er innom biblioteket. 

Stemmefristen går ut 24. oktober, så hugs å stemma på tre av dine favorittar før den tid!