Sommerbok & is
Sommarbok & is er fem lesestunder i sommarferien.
Ein formidlar frå biblioteket vil lesa bildebøker på scena i biblioteket. Høver ekstra godt for barn frå 5 år og alle som er med på Sommarles.
Alle får ei is i handa. Varigheit 20 minutt. Fritt tilgjenge.
Arrangementa vert laurdag 11.6*, og onsdagane 29.6 , 6.7*, 3.8 og 10.8 kl. 13.00.
*Både 11.6 og 6.7 vil det vere dyr til stades på scenen.
Reserver gratisbillettar på www.stord.kulturhus.no. Møt opp seinast 10 min før arrangementstart, etter dette blir plassane frigjeve til publikum på venteliste. Billettar må visast i skranken i biblioteket før du går til arrangementet.