Sara Nes - Kvifor velje Syria?

Om dette arrangementet

Tid
17:00 - 18:30
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Å velje Syria - Kvifor vel nokon å dra tilbake til eit land i krise?

Sara Nes har studert historiar frå dagleglivet i Syria etter 2011 fortalde på den syriske ikkje-regimekontrollerte radiokanalen SouriaLi. Ein forbausande stor del av desse historiane har hovudpersonar som valde anten å dra tilbake til Syria etter 2011, eller som hadde sjansen til å flykte, men valde å bli. Kvifor tok dei desse vala?

Sara Nes har studert arabisk og midtaustenstudiar og snakkar syrisk arabisk. Ho har erfaring frå fredsrørsla og Nei til Atomvåpen, men jobbar no til dagleg som kurshaldar i norsk som framandspråk. I 2022 fullførte ho sin mastergrad med tittelen "Choosing Syria: Narratives of staying or returning, as told by the story-teller of SouriaLi, a Syrian non-government radio station in 2012-2018".