Bilete av Helga Flatland med blå himmel i bakgrunnen.
Helga Flatland. Foto: Agnete Brun
Bilete av Anders Totland med sjø, fjell og blå himmel i bakgrunnen.
Anders Totland

Om dette arrangementet

Tid
18:00 - 19:00
Pris
100 kr.
Bibliotek
Målgruppe
Participate in the event

Bokbad: Helga Flatland

«Det moderne menneskets utfordring».

Den prisvinnande forfattaren Helga Flatland blir bokbada av forfattar Anders Totland torsdag 3. februar kl. 19.00 på scena i  Stord folkebibliotek.

Spenninga i relasjonar mellom menneska er ofte tema for Helga Flatland sitt forfattarskap. Korleis reagerer me og blir me forma i møte med andre? Kva kostnad har sjølvrealisering for fellesskapet? Og kva med vår innarste kjerne – kjenner me han?

Velkommen til ein samtale om banda som knyter oss saman, som av og til bind oss fast, men som også kan sleppa oss fri. Møt den prisvinnande forfattaren i samtale med sunnhordlandsforfattar Anders Totland.

Som forfattar har Flatland ei eiga evne til å skriva seg inn i menneska rundt oss, og avslører tankar og kjensler som elles er utilgjengelege for oss. Romanen "Eit liv forbi" utspelar seg i spennet mellom fortid og nåtid, mellom ung og gammal, mellom liv og død. Flatlands bok "En moderne familie" var den tredje mest selde norske skjønnlitterære boka i 2017.

Helga Flatland debuterte i 2010 med romanen "Bli hvis du kan. Reis hvis du må". Ho har fått eit stort publikum for måten ho skildrar menneskelege prosessar som sorg, tilknyting og oppbrot på.

For debutromanen fekk Helga Flatland både Tarjei Vesaas' debutantpris, Ungdommens kritikerpris og Aschehougs debutantstipend. Boka vart også nominert til P2-lytternes romanpris.

Ho blei tildelt Bokhandlerprisen i 2017 for romanen «En moderne familie. Hennar siste roman «Eit liv forbi hausta også strålande kritikkar då den kom i 2020.

Kjøp billettar på stord.kulturhus.no.

Dette arrangementet blir støtta av Norsk kulturråd.

Relaterte materialer